• bjorn.furuseth

Kom den originale Peer Gynt og bukkerittet fra Dagali?


Kom den originale Peer Gynt og bukkerittet fra Dagali?

De fleste, kanskje alle kjenner Peer Gynt av Henrik Ibsen som han skrev i 1867. Bukkerittet med Peer Gynt er velkjent. Hvor hentet Ibsen ideen med bukkerittet fra? 2 år før Ibsen skreiv Peer Gynt satt John Hvammen og fortalte om sine jaktopplevelser til soknepresten i Lauritz Christian Stang. Stang samlet historier og noterte så blekket spruta. Er opprinnelsen til bukkerittet fra Dagali? Spesielt I sine unge år var John Hvammen i Dagali ein vidgjeten bjørneskyttar og reinsdyrjeger. Han var også ein god forteljar. Den 9. januar i 1865 fekk han besøk av soknepresten. Lauritz Christian Stang var ein interessert tlhøyrar, for han mintest med glede den tida han var smågut og fekk vere med på jakt borte i Hallingdal. Nå fekk han leve opp att noko av den spenninga han kjende då. Dei sat ved peisen. Stang smatta på pipa, medan John Hvammen togg skrå. Ingeborg Hvammen svinsa omkring og steikte kveitemjølskaker på ei steikepanne. Ein gong heldt det på å gå retteleg ille, fortalde John. Han hadde nett skote ein svær bukk. Bukken stupte med det same det small, og John skunda seg fra for å stikke. Men for å komme til, måtte han legge seg over ryggen på dyret. Då reiste bukken seg og sette avstad i susande sprang. «Daa støkk det i me,» sa John, og presten noterte i boka at det betyr: «Da blev jeg fælen». Men John «tapte ikke aandsnærværelse». Han klempte beina saman over ryggen på dyret, som om han rei på en hest. Med den venstre handa greip han om hornet på bukken, og med den høgre heldt han kniven klar til å stikke. Rundt omkring låg det store steinar, så John våga ikkji å stikke med det same. Først då bukken etter eit langt ritt, kom fram på ei myr, tøygde John Hvammen seg framover og skar dyret i strupen. John kom unna rittet utan anna skade enn eit sår i panna. Det fekk han då dyret stupte i myra. Medan John fortalde, hadde presten øyra vendt mot forteljaren, men med auga følge han Ingeborg som steikte kaker. Ham la merke til at mellom kvar kake ho knadde ut, så klødde ho seg med neglane på innsida av låret. Presten håpa at kakene ikkje var tiltenkt han. Kva skulle han forresten tru om denne historia? Dette var 2 år før Henrik Ibsen la ei liknande forteljing i munnen på Peer Gynt. Stang vart seinare kjend med Ibsens versjon. Då gjorde han ei tilføying i margen. Vel var Per Gynt ein løgnhals, og vel hadde Ibsen gitt historie ei poetisk form, men kanskje var ho likevel ikkje urimeleg? Det kan ein sjå av forteljinga til «den gamle, troverdige John Hvammen», meinte presten.


45 visninger

Kultur og oppvekst i Hol kommune     -     Husk å ta vare på hverandre